Kommentar: Sveinung Eikeland "Med OECD til Nord-Noreg"

Kommentar: Sveinung Eikeland "Med OECD til Nord-Noreg"

Klikk for stort bildeKommentaren, som ble publisert i sin helhet i lørdagens papirutgave av Finnmarken, kan du lese her. 

Med OECD til Nord-Noreg

 

Sveinung Eikeland, viserektor regional utvikling UIT Norges arktiske universitet

 

Organisasjon for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) var nyleg ei veke i Nord-Noreg. Dei vurderer 14 regionar i Sverige, Finland og Norge, der Nordland, Troms og Finnmark inngår. OECD skal gje råd om korleis regionane i nord i Europa kan komma godt ut i den globale økonomiske konkurransen sjølv om dei er langt unna dei store marknadane. OECD har også eigne agendaer som pleier å vera knytt til å fremja marknadsstimulerande løysingar og verkemiddel som ikkje er områdeavgrensa. Slike løysingar er svært utfordrande for norsk polititikk der regionalpolitikk enten er inspirert av regionale strategiar i EU som «smart spesialisering» (Nordland), eller heimelaga som den norske statlege tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms.

 

OECD samla nordnorske erfaringar gjennom ei reise med Hurtigruta frå Bodø til Kirkenes.  Reisa fall saman med stormen som vart varsla som den mest ekstreme på fem år. Mange av dei som skulle møta OECD undervegs nådde ikkje fram, og lokale besøk måtte avlysast.  Dette formidla nok sterkare enn noen møte og intervju dei særlege avstands - og tilgjenge utfordringane i nord.   

 

Vurderinga til OECD skal gjerast i ein periode der regionalpolitikken i nord vil måtta endrast. Denne har i mange tiår handla om tiltak som bremsar sentraliseringseffektar av at arbeidslivet blir  geografisk konsentrert. Verkemiddela har vore politisk styrte og dei er områdeavgrensa. Viktige er tiltakssonen for Nord-Troms og Finnmark, Sametingets næringspolitikk (16 kommunar i Nord-Noreg) og innføring av grensebuarbevis som også inkluderer delar av befolkninga i Murmansk oblast.  Vidare regionalt differensiert arbeidsgjevaravgift (RDA) og regionale utviklingsprogram (RUP).  Dei fleste er kraftige og har hatt effektar. Nord-Noreg har til dømes ein langt større del av folkemengda utanfor byane enn det sørvestlandet har.

 

I den nye utviklinga i nord gjer den utvida interessa for naturressursane at næringsverksemd blir utvida til nye og gjerne avsides område. I sentraliserande retning dreg kunnskapsstrategien, folk  vil bu i urbane område. Drivkreftene er snudd. Noreg har sagt at det vil utvikla stader i nord som er gode å bu i og der folk som skal stå i spissen for den nye utviklinga i nord ønskjer å bu. Det er inga løysing å fly folk inn og ut til  industricampar.

 

Reisa i stormen førte OECD til  Bodø, Harstad, Tromsø, Hammerfest og Kirkenes, alle er eller blir vertskommunar for universiteta i nord. Dei er også vinnarane i kampen om kandidatar frå universiteta. Bodø og Tromsø er dei einaste kommunane i nord der over 30 % av vaksne har fullført høgre utdanning. Men OECD reiste også til stadar i den andre enden av skalaen: Kystkommunar med lange og vanskelege avstandar til universiteta der under 15 % av befolkninga har høgre utdanning. OECDs utfordring er om slike kystsamfunn (og tilsvarande landbrukskommunar) kan få til utvikling utan områdeinnretta offentleg innsats.

 

Men også vinnarane vil møta utfordringar. Omlag 75 prosent av studentane på universiteta er mellom 20 og 29 år. I 2025 vil folkemengda i denne gruppa i regionane som omgir dagens campusar i nord bli mindre enn dei er i dag. Her er store variasjonar, men det er berre Vest-Finnmark med Alta og Hammerfest som i 2025 har kan komma til å ha fleire 20 til 29 åringar enn i dag. Før 2025 er det større håp. Konjunkturbarometeret for Nord-Norge (KB) seier at det neste tiåret blir avgjerande for om Nord-Noreg vil sikra grunnlaget for vekst i framtida. Da vil Finnmark ha 24%, Troms 21 % og Nordland 14 % fleire 25 til 35 åringar enn i dag. KB oppmodar industri, universiteta og andre til å handla det neste ti året. Så spørst det om OECD kan gje oss gode råd.

 

OECD markerte avsluttinga av reisa i Kirkenes med ein konferanse. Der var det fire innlegg frå Nord-Noreg, to om høgre utdanning og forsking, eit om vegar og eit om telemedisin. Desse representerer dei meste sentrale institusjonane når det gjeld å leggja rammer for utviklinga i nord, men dei alle utfordrar også regionalpolitikken. OECD svarte i stor grad med fagøkonomiske inspirerte innlegg. Vi minner om den klassiske liberale økonomen Jean B. Say (1767-1832): Byggjer vi opp ein produksjon oppstår det alltid marknadar for den, sa han.

 

Bygg infrastruktur. Samferdsel og datanett gir god tilgjenge i nord og mellom nord og det globale samfunn. Auk kapasiteten til universiteta og forskingsinstitutta.  Dette dreg framifrå folk til landsdelen, og det vil fanga opp den store bølga av unge det neste tiåret. Vi veit at samfunna i nord får dette tilbake. UITs kandidatundersøking (2015) viste at over 80 prosent av våre ferdige kandidatar, som budde i nord før dei starta å studera hos oss, arbeider i landsdelen to til fire år etter studiane. 

 

 

Kommentar av Sveinung Eikeland, viserektor ved Norges arktiske universitet.